Fest, dritprat og mykje kjærleik med Side Brok og Sirkel Sag på Rockefeller.
Etter to års pustepause, kom hiphop-heltane frå Hovdebygda tilbake i fjor, og spelte fire veldig utselde konsertar og éin festival. Dei fortset festen i 2019 med nokre få og ekstra gode konsertar. Og Sirkel Sag er sjølvsagt med. Det blir fest, dritprat og mykje kjærleik – og absolutt alle er inviterte.
Side Brok er landets (bokstavleg talt) største hiphopgruppe, og har i 15 år sørga for god musikk og god stil. Sidan den Spellemann-nominerte debutplata «Høge brelle» i 2004, har dei gitt ut tre album, ein drøss med låtar, og ni mixtapes i Pina D-serien. Sirkel Sag var lenge fast gjest på Side Brok sine plater og konsertar, og i desember 2016 slapp han endeleg sin eigen ep, den allereie klassiske «Ørsta rådhus». Han jobbar med nye låtar, når han ikkje er i fjøsen.